Myrkdalen


Myrkdalen ligg ein 25 minuttars køyring frå Voss sentrum og er eit av dei mest snøsikre områda i Noreg.

Hjå Myrkdalen Fjellandsby finn du 8 heisar (derav eit skiband) og 20 løyper som passer for heile familien, antan du ynskjer å kjøyra i preparerte løyper eller prøva deg på frikjøyring. Du finn og terrengparker.

For borna: For dei yngste er det eige område med tallerken-heis og skiband, samt ein minipark og skogsløype. I helger og ferier er det barnepass og barnerenn.

Det vert og arrangert jibbecamp.

Langrenn: Ynskjer du å gå på langrenn finn ein 28 km med langrennsløyper i Myrkdalen, derav 5 km er lysløype (Åmotslia).

Utvikling: I tillegg til eit skisenter er Myrkdalen eit spanande hytte- og fritidsprosjekt på Vestlandet. Området er under stadig utvikling med mål om å bli eit nytt reisemål for heile familien, heile året.

Vinteren 2012 opna storsatsinga Myrkdalen Hotel, som blant anna tilføya skianlegget fleire sengeplassar og nye restaurantar. I tillegg til hotell tilbyr Myrkdalen Fjellandsby hytter og leilegheiter i ulike storleikar og med ulike fasilitetar.

 

Læs artiklen "Norsk skisportssted er som at gå gennem klædeskabet og ind i Narnia" fra Politiken her

Se artikel om Voss  / Myrkdalen her

 


Søk ferie / Online booking

Land:
Område:
Periode:
Startdato:
Personer